NRK Meny

Ferjestans nokre timar til

Bilferja "Austevoll" som trafikkerer sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya, blir innstilt eit par- tre timar til, seier Regionsjef Inge Andre Utaker i Norled til NRK. To boltar til brennstoffpumpa skal vere knekte. Reservedelar skal snart vere på plass. Passasjerar kan nytte ambulansebåten "Ambu" som trafikkerer ferjestrekninga så lenge "Austevoll" er ute av drift, seier Utaker.

MF "Austevoll" vd Åram på Sunnmøre (2009)
Foto: Harald Sætre