Hopp til innhold

Ferjeselskapa treng betre vilkår, meiner transportøkonom

Det nyttar ikkje å sutre over monopoltendensar i ferjedrifta. Fylket har sjølv lagt premissane for korleis dei vil ha ferjedrifta, meiner transportøkonom.

Ferger på Moldefjorden

Ferjene Romsdalsfjord og Fannefjord trafikkerer sambandet mellom Molde og Vestnes.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Transportøkonom Frode Folkestad ristar på hovudet til fylkespolitikarar i Møre og Romsdal som uttrykkjer uro over at for få reiarlag er med på ferjeanbod.

– Dei møter seg sjølve i døra når dei no fryktar monopoltendensar i ferjedrifta. Dei første rundane med anbod var i si tid så nedskrapa, at reiarlaga nesten gjekk på tap. No kjem konsekvensane, seier Folkestad.

Frode Folkestad

Frode Folkestad har sterke meiningar om kvifor få reiarlag har vore med på anbodsrundar for ferjedrift.

Foto: Privat

Offentlege styresmakter som ikkje vil betale det ferjedrift kostar, er årska til at berre to-tre aktørar er med på anbodsrundar, meiner han.

Pengar på bordet

Folkestad kjenner sjølv godt til ferjenæringa, og er aksjonær i eitt av ferjeselskapa på norskekysten.

– Legg fylkeskommunen meir pengar på bordet, vil fleire aktørar bli med. Alt kokar ned til økonomi, seier Folkestad.

Ferje på veg til Voksa

Ferjer trafikkerer små og store samband i Møre og Romsdal. Her mot land på VOksa.

Foto: Arne Flatin / NRK

Eit samrøystes samferdselsutval bestemte i februar at dei neste ferjeanboda frå 2019 skal ha nye og skjerpa krav. Det innber at reiarlag som vil konkurrere om ferjedrifta, må stille med nyare, moderne ferjer. Billetteringa skal skje gjennom autopass, og i E- 39-sambanda skal ferjene ha avgang kvart 20. minutt.

Les også: Tendensar til ferjemonopol uroar

Held seg unna

Frode Folkestad meiner det ikkje er underleg at reiarlag held seg unna anbodsregimet, og at ein no nærmar seg monopoltendensar i ferjedrifta.

– Eg kjenner sjølv til ein direktør som seier hans reiarlag ikkje vil vere med på anbodsrundane fordi det ikkje løner seg. På den måten stenger dei ute reiarlag som elles kunne vore med og konkurrert, seier Folkestad.

Halsa Kanestraum ferje

Strekninga Halsa- Kanestraum er ei av 24 ferjestrekningar i Møre og Romsdal.

Foto: Roar Halten / NRK

Han meiner fylkekommunen siste åra har skvisa reiarlaga i Noreg økonomisk..

– Då anbodsregimet blei innført, trudde dei at alt skulle bli så mykje rimelegare. Over tid har det vorte litt fornying i ferjeflåten, men på langt nær det politikarane drøymde om.

Reiarlaga bomma med kalkulatorane

Frank Sve (Frp) er mellom dei som er ura over at få selskap er med på anbodsrundane, men avviser at fylkespolitikarane har skulda.

Frank Sve

Frank Sve

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det er jo reiarlaga sjølve som har lagt inn prisane, og siste åra har dei skrudd opp anboda sine med 35 - 40 prosent. Det skuldast at dei har skvisa prisane sine tidlegare. Det anvaret må dei ta sjølve, seier Sve.

I følgje han er det reiarlaga og ikkje fylkeskommunen og politikarane, som møter seg sjølv i døra i denne saka.

– Dei bomma jo med kalkulatroane sine då dei tidlegare gjekk inn i anbodsrundane for å skaffe seg markandsandelar. Etter at dei klarte det, har dei skrudd opp prisane, seier han.

Frank Sve viser til at vi lever i eit konkurransesamfunn der marknaden styrer uansett.

Vi lyser ut anbod på våre behov, og så får aktørane tilby prisane dei meiner er dei rette. Prisen kan ikkje vi fortelje dei. Det må reiarlaga skjølve kome med, seier Frank Sve.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL