Hopp til innhold

Ferjeselskapa får kritikk for gamle ferjer

Frustrasjonen var stor då gamle og umoderne ferjer blei tema under eit møte i samferdselsutvalet onsdag.

Bjarne Kvalsvik og Knut Arve Orten Lie (Statens vegvesen)

Bjarne Kvalsvik og Knut Arve Orten Lie meiner det er for dårleg at ferjeselskapa ikkje oppfølgjar krava i anbodskontraktane.

Foto: gunnar sandvik / nrk

Konkurransen om å vinne ferjekontraktar er knallhard. Difor er frustrasjonen ekstra stor når reiarlaga stiller med ferjer som ikkje oppfyller anbodskrava.

– Det er ikkje bra nok. Ferjene skulle vore i stand for lenge sidan, seier Bjarne Kvalsvik.

Han representerer dei uavhengige på Fylkestinget, og meiner det er for gale når ferjene ikkje held mål.

Frustrerande

Manglar og feil, forseinkingar og attståande bilar møter trafikantane på ferjesamband i fylket.

Det er fylkeskommunen som tildeler kontraktar, medan reiarlaga driv sambanda på vegner av Statens vegvesen.

– Det er så enkelt at når vi stiller krav i eit anbod, så ventar vi at dei krava blir møtt, seier Knut Arve Orten Lie.

Han er seniorrådgjevar i Statens vegvesen region midt.

Krav til universell utforming

Vegvesenet har oppdaga manglar ved fleire av ferjene som er sette i drift i år. Dei har særleg sett på krava til universell utforming, altså at ferjene er tilpassa passasjerar med rørslevanskar.

Knut Arve Orten Lie

Knut Arve Orten Lie seier det kan bli aktuelt med økonomiske sanksjonar dersom vilkåra i kontraktane ikkje blir innfridd.

Foto: gunnar sandvik / nrk

– Vi har krav om universell utforming og då ventar vi at ferjene har det, seier han.

Lie seier det kan bli aktuelt med økonomiske sanksjonar dersom det ikkje skjer ei betring.

– Vi betaler for ei teneste og har krav i forhold til det. Dersom desse ikkje blir innfridd må vi bruke prisavslag og økonomiske sanksjonar til vi får det vi har betalt for, seier han.

Jobbar med utbetringar

Reiarlaget Norled vann i år anbodet på fem av ferjestrekningane på Sunnmøre, og er eit av ferjeselskapa som får mest kritikk for å ikkje ha oppfylt kontraktvilkåra. Regionsjef i Norled, Inge Andre Utåker, vedgår at nokre av ferjene har manglar knytt til universell utforming, men avviser at dei har hatt god tid til å ordne opp.

Inge Andre Utåker

Regionsjef i Norled, Inge Andre Utåker, seier at dei jobbar med å utbetre manglar i forhold til universell utforming.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vegvesenet avslo forslaget vårt om ei alternativ ferje på sambandet Årvika–Koparneset i fjor haust. Vi måtte difor sette inn «MF Ølen» i staden. Vi sa då at det var avvik i forhold til krava, seier han.

– Eg vil likevel orsak til dei som i mellomtida ikkje kan nytte seg av toalettet på denne ferja.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL