NRK Meny
Normal

Ferjereisande er sintast i trafikken

Å pendle med ferje kan gjere deg sint. Ei undersøking viser at dei som brukar ferje i kvardagen seier at dei hissar seg opp i trafikken.

Å pendle med ferje kan gjere deg sint. Ei undersøking viser at dei som brukar ferje i kvardagen seier at dei hissar seg opp i trafikken.

kvardagen skal vere av dei hissigaste trafikantane.

Ei spørjeundersøking på oppdrag frå NAF viser at 14 prosent av dei som reiser med ferje i kvardagen hissar seg opp. Berre fem prosent av bussreisande og seks prosent av bilistane svarer det same.

Kjell Arve Bøklepp

Kjell Arve Bøklepp ser ingen grunn til å hisse seg opp i dag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

På ferjekaia på Kanestraum på Nordmøre er det sol frå skyfri himmel. Kvar sommar er denne strekninga ein flaskehals fordi mange fleire køyrer vegen. Rundt 700 bilar vert frakta over fjorden kvar dag og dei reisande må rekne med å stå i kø. Men hissar dei seg opp av den grunn?

Irriterande å vente

– Eg er aldri sint, seier Kjell Arve Bøklepp og ler. Han sit i bilen og ventar på ferja.

Heller ikkje Marvin Rødal er særleg hissig i dag. Han ser ingen grunn til det, men kan forstå at ferjereisande kan bli frustrerte til tider.

– Det er irriterande å akkurat kome for seint til ferja sjølvsagt, seier Rødal.

Marvin Rødal

Marvin Rødal synest det er irriterande å kome for seint til ferja.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

LES OGSÅ:

Kvinner er mest hissige

I fylgje undersøkinga er det ein kjønsforskjell. Av menn som tar ferje er det seks prosent som oppgir at dei hissar seg opp, medan det for kvinner er 20 % som seier det same.

Dagfrid Gjendem har akkurat kome for seint til ferja og må fint vente til neste avgang. Ho er ikkje sint av den grunn.

– Vêret er så fint i dag og eg har det ikkje travelt, seier Gjendem.

Ho innrømmer at skulle ho nådd eit møte i dag, hadde situasjonen vore annleis. Då hadde ho hissa seg opp.

Dagfrid Gjendem

Dagfrid Gjendem er avbalansert i dag, til trass for at ho ikkje rakk ferja.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Tidsklemme

Nils Sødal er kommunikasjonsrådgivar i NAF. Han meiner at grunnen til at NRK møtte få hissige personar i dag er at det er ferie, og at folk dermed har betre tid. Undersøkinga dei har gjort er basert på kvardagsreiser.

– Eg trur ferjekøar og det å ikkje rekke ferja, gjer at dei reisande kan hisse seg opp, seier Sødal.

I tidsklemma der ein har eit stramt program, kan det å måtte vente, bety mykje i kvardagen, trur han.