Ferjer får batteri

Dei tre ferjene som går i sambandet Halsa-Kanestraum skal byggast om for å bli nullutsleppsferjer. Gassmotorane blir bytta ut med batteripakkar, levert av selskapet Norwegian Electric Systems (NES). Også ferjekaiene skal byggast om, slik at dei får landbasert ladesystem. Det opplyser Fjord1 i ei pressemelding. Ombygginga av ferjene skal etter planen starte i siste halvdelen av året.