Hopp til innhold

Vil frede ferjer

Riksantikvaren foreslår å frede tre ferjer for å ta vare på den maritime kulturarven.

Bilfergen

M/F 'Bilfergen' ligg til kai i Brosundet i Ålesund. Dette er ei av tre ferjer Riksantikvaren vil frede.

Foto: Terje Reite / NRK

Riksantikvaren skriv på sine nettsider at ferjene representerer ein viktig del av vår transport- og skipshistorie. Frå før er berre seks båtar i Noreg freda.

Tre foreslått verna

Dei tre ferjene som vil bli foreslått verna av Riksantikvaren, er:

  • M/F "Bilfergen" i Møre og Romsdal
  • M/S "Granvin" i Hordaland
  • M/F "Folgefonn i Hordaland

Desse er, ifølgje Riksantikvaren, eit representativt utval frå den norske ferjehistoria.

Fleire fartøy kjem etter kvart

Bilfergen

M/F Bilfergen er foreslått freda saman med M/S Granvin og M/F Folgefonn.

Foto: Terje Reite / NRK

Og det er ikkje berre ferjer som skal fredast.

På oppdrag frå Miljøverndepartementet har Riksantikvaren utarbeidd ein ny, nasjonal verneplan for fartøy.

Utvalet skal representere eit tverrsnitt av norsk fartøyhistorie, og Riksantikvaren kjem til å gå igjennom passasjerbåtar, fiske-/fangstbåtar, fraktebåtar og lystbåtar i åra framover, for å vurdere freding.

Spesialfartøy som slepebåtar og losbåtar vil også bli vurderte, skriv Riksantikvaren i ei pressemelding.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL