Det er suppleringsferja Aukra som ikkje kan trafikkere sambandet, truleg på grunn av problem med propellen. Ferja går i det som blir kalla C-ruta. Dei to andre ferjene utfører ordinær trafikk, opplyser Fjord 1.
– Det hopar seg opp ein del bilar på Eidsdal-kaia, medan det på Linge ikkje har vore like mykje kø, seier skipper om bord på bilferja Geiranger, Jostein Skjortnes.
Bilferja Aukra ligg no ved kai i Eidsdal for å bli reparert.
Foto: Elisabeth BirkelandDet er enno uvisst når C-ferja kjem i drift att. Men dei to andre tek unna køen så raskt dei klarer.
Då bilferja Aukra fekk problem, klarte ho å gå tilbake til kaia i Eidsdal og sende på land bilane som var om bord.
Full ferjekai
I sommar går det vanlegvis tre ferjer på den populære ferjestrekninga mellom Eidsdal og Linge.
– No er heile kaia full, og køen strekkjer seg oppover fylkesveg 63, seier ein tipsar til NRK, i det klokka nærmar seg 11:30.
Ferjekaia i Eidsdal blei straks full av ventande bilar då C-ferja blei innstilt.
Foto: Elisabeth BirkelandFerjesambandet som søndag føremiddag no har redusert kapasitet, er ei svært populær strekning å nytte no sommarstida.
Tusenvis av turistar frå inn- og utland køyrer strekninga frå Åndalsnes via Trollstigen til Geiranger, og då er ferja ein viktig del av turen.
Fylkesveg 63 er også Nasjonal Turistveg.
Det blir no jobbar for fullt for å få C-ferja inn att i drift så snart som råd.