Hopp til innhold

Ferjekluss på Festøya

Det er igjen store ferjeproblem i fylket. Passasjerane er sinte over lange køar mellom Festøya og Solavågen.

Video Ferjekrøll

Det er igjen store ferjeproblem i fylket, denne gongen mellom Festøya og Solavågen. Den store ferjekaia på Festøya kan ikkje brukast, og dermed kjem berre dei minste ferjene seg til kai.

Illsinte trafikkantar har ergra seg i køen, og det heile toppa seg då A-ferja blei fyllt opp med bilar frå Solavågen for så å gå ein prøvetur til Festøya.

Prøveturen blei mislukka fordi den store ferja ikkje kan gå inn i den vesle ferjekaia og no heller ikkje i den defekte store ferjekaia.

Den fullasta A-ferja måtte gjere vendereis til Solavågen der bilistane måtte stille seg i kø for å vere med B-ferja som går i rute.

Sambandet Hundeidvik - Festøya går som normalt, melder MRF.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL