Verst i Molde
MRF fryktar lange køar ved fleire ferjesamband i dag etter at endå ei ferje fekk tekniske problem i helga. Kapasi-teten er no redusert i til saman fem ferjesamband på Nordmøre og i Romsdal. Og verst blir det truleg mellom Molde og Vestnes.
Assisterande direktør Frode Ohr forstår at passasjerane blir frustrerte. Foto: Gunnar Sandvik.
Største trafikkveka
- Dette blir ei stor utfordring for oss, seier assisterande direktør i MRF, Frode Ohr. Vi går inn i ein periode der vi har årets største trafikkveke, med fellesferie, stor sommartrafikk og jazzfestival i Molde.
To og ein halv time ventetid
I går var det opp til to og ein halv times ventetid i sambandet Halsa-Kanestraum. Problema starta i forrige veke, då storferja Romsdal grunnstøytte. Dette har ført til ei rekkje omrokkeringar i ferjefylket Møre og Romsdal, og no er fem samband råka. Det er Halsa-Kanestraum, Seivika-Tømmervåg, Bremsnes-Kristiansund, Aukra-Hollingsholmen, og sist, men ikkje minst Molde-Vestnes.
Havari på havari
I går måtte 50-bilers-ferja Geiranger flyttast frå Moldefjorden på grunn av at Glutra havarerte lenger nord. Inn kom 22-bilers-ferja Hareid, og dermed er kapasiteten kraftig redusert - på opningsdagen til Moldejazzen. MRF ber om tålmod.
Frustrerte
- Eg har stor forståelse for at reisande som får forlenga reisetida blir frustrerte og dei dei gir uttrykk for dette overfor i MRF-leiinga, seier Frode Ohr.
Assisterande direktør i MRF, Frode Ohr, ber folk om å vere tålmodige. - Ta det med ro, ta ein kopp kaffi og ei svele ombord, seier han.