Hopp til innhold

Ingen lovnader til kystpolitikarane

Samferdselsminister Knut Arild Hareide lovar ingen pengar til kystfylka der det er ferjeopprør.

Fergemøte med samferdselsministeren

Knut Arild Hareide kan ikkje svare på om det kjem pengar til ferjefylka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Knut Arild Hareide (KrF) og tre andre statsrådar hadde mange kystpolitikarar å helse på måndag. Møtet i samferdselsdepartementet var stengd for pressa. Etterpå sa samferdselsministeren at dei skal sjå på ferjeprisane. Men han ville ikkje love noko som helst.

Hareide har uroa seg over auken i prisar. Statsråden nemner sjølv eit eksempel der ein familie har fått dei årlege ferjeutgiftene auka frå 40 000 til 65 000 kroner. No seier han at styresmaktene skal sjå nærare på grunnane til problema som har oppstått. Ei av årsakene til auka prisar er utgifter knytt til innføring av hybridferjer i staden for dieselferjer.

– Vi må arbeide saman for å løyse problema, sa Knut Arild Hareide til NRK etter møtet.

Fergemøte i Oslo

Det var folksamt i samferdselsdepartementet då Knut Arild Hareide og tre andre statsrådar møtte folk frå ferjefylka langs kysten måndag.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Kundane må ta rekninga

På ferja mellom Sykkylven og Magerholm på Sunnmøre er det stor trafikk denne måndagen. Øystein Skog er sjølvstendig næringsdrivande i byggebransjen. Han tar ferje på forskjellige strekningar fleire gonger kvar dag. For han er det ikkje noko alternativ å slutte å ta ferja.

Øystein Skog

Øystein Skog tar ferje i jobben fleire gonger om dagen. – Auka takstar gir større rekning til kundane mine, seier han.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Om prisane går opp, må eg berre føre ekstrautgiftene over på kundane, seier han. Han syns prishoppet er alt for stort.

Måndag ville fire statsrådar ha fakta på bordet etter at den eksplosive auken i ferjetakstane har ført til eit opprør langs heile kysten. Både næringslivet og pendlarane opplever djupe innhogg i lommeboka. På nettet er det knallhard debatt, og ordførarar og politikarar har samla seg til kamp.

Billetør på ferga mellom Sykkylven og Magerholm

Auken i ferjetakstane har ført til eit folkeopprør langs kysten. Engasjementet er stort.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Måndag var folk frå kystfylka på plass hos samferdselsminister Knut Arild Hareide. KrF-statsråden møtte toppolitikarar frå fylkeskommunane og KS.

Hareide håper at dei etter kvart kan bli samde om kva som er fakta i saka.

Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap)

Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) frå Møre og Romsdal seier at fylka vil ha kompensert for auka utgifter til ferjedrift. Ho trur det kan kome pengar i revidert nasjonalbudsjett.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Kan bli lågare prisar til sommaren

– Det var eit godt møte, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) i Møre og Romsdal.

Eg føler at regjeringa lyttar til oss, og at dei skjøner kva utfordringar vi har. Det at fire statsrådar er på plass betyr at vi blir lytta til, seier ho.

Ho håper det no kjem pengar i revidert nasjonalbudsjett.

Det kan bety lågare prisar allereie til sommaren, seier Torve.

Fakkeltog og overskot

Fylkeskommunane har ropt høgt om at ferjedrifta er underfinansiert, og at dei treng langt meir pengar til drifta. Men førre måndag kom meldinga om at Møre og Romsdal fylkeskommune hadde eit overskot på 313 millionar kroner året før.

Helge André Njaastad, kommunalkomiteen (Frp), Stortinget.

Framstegspartiet og Helge André Njaastad reagerte sterkt på det han las om overskotet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Bildet er frå høyringa i Stortinget for ei veke sidan.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det fekk saksordføraren i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp), til å reagere sterkt.

– Det er heilt utruleg at ein kan ha fakkeltog og protestar mot tenestetilbodet samtidig som ein legg over 300 millionar på bok. Det harmonerer ikkje med at fylkeskommunen kallar dette svelteforing, sa han til NRK.

Stort oppmøte frå regjeringa

Fire statsrådar var med på møtet i Oslo måndag. I tillegg til Hareide var desse på plass: Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H), distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Kristina Hansen

Fylkesbyråd for samferdsel i Troms og Finnmark, Kristina Hansen (Ap) seier at ho aldri har møtt fire statsrådar på éin gong før.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ferjefylka som var med på møtet var Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark. Hovudkravet deira var meir pengar frå staten til ferjene. Fylka er bedne om å levere ei grundig utgreiing rundt dei økonomiske sidene av ferjedrifta i løpet av to veker.

– Manglar 380 millionar

Utsendingane frå fylka håper at det kan kome pengar i revidert nasjonalbudsjett i mai.

Møte med statsrådene

Kystpolitikarane står i kø for å helse på samferdselsminister Knut Arild Hareide. No håper dei at det kan kome pengar i mai.

Foto: Synnøve Hole / NRK

På høyringa i Stortinget for ei veke sidan sa fylkesordførar Jon Askeland (Sp) at Vestland fylkeskommune manglar 380 millionar kroner for å finansiere ferjedrifta.

– Dersom vi ikkje får kompensert dette, må vi legge på ferjebillettane neste år, eller redusere tenestetilbodet, seier han.

Bilferja Skopphorn.

Bilferja Skopphorn var full av bilar på sambandet Sykkylven-Magerholm på Sunnmøre måndag. Auka ferjetakstar har sett sinna i kok langs heile kysten.

Foto: Remi Sagen / NRK

På ferjekaia i Sykkylven seier Linn Katrin Klokk at ho håper at prisane går ned. Ho reiser med ferje nesten kvar einaste dag.

– Mange folk må faktisk vurdere om dei har råd til å reise når prisane er så høge, seier ho,

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL