Hopp til innhold

Ferjeføraren sovna - ferja på land

Bilferja Aure i sambandet Festøya - Hundeidvika rende i 9-tida fredag opp i fjøresteinane i Hundeidvika. Ferjeføraren sovna, opplyser Fjord1 MRF.

BF Aure på land i Hundeidvika
Foto: Stig Tore Midtgaard

Det var sandgrunn der ferja rende på land, og verken passasjerar eller bilar kom til skade. Ferjesambandet er i normal drift igjen etter uhellet.

Bilferja Aure på land i Hundeidvika
Foto: Stig Tore Midtgaard

Trøtt og sliten

Ferja rende på land ca.100 meter nord for ferjekaia. Føraren har forklart at han hadde hatt ei travel natt på grunn av sterk vind og arbeid med fortøying. - Han kjende seg trøtt og sliten, og han må ha sovna midtfjords, seier teknisk maritim sjef i Fjord1 MRF, John Åge Rasmussen.

Det er klart at føraren ikkje var påverka av alkohol. Han er pensjonist frå Fjord1 MRF, og var innkalla på grunn av mangel på folk.

Passasjerar og bilar

Det var fem bilar, ein lastebil og til saman ti passasjerar og ei besetning på fire om bord då ferja rende på land. Ingen kom til skade. Nokre av passasjerane gjekk på land via ein stige medan ferja stod på grunn, resten blei hjelpte på land av redningsskøyta. Seinare vart ferja buksert inn til ferjekaia slik at bilane kunne køyrast på land.

Undersøking av skroget

Bilferja Aure skal fredag ettermiddag til Vegsund Slip på Sula for ettersyn og reparasjon. Ho har truleg fått skadar på propell og ror, seier John Åge Rasmussen.

Dette er tredje gongen i løpet av fire år at ei ferje går på grunn i Hundeidvika. To gonger har årsaka vore menneskeleg svikt, ein gong var det teknikken som svikta.