NRK Meny
Normal

Det blir ferje til Todalen

På eit krisemøte i føremiddag har det blitt bestemt at det blir ferjesamband frå Todalen etter raset i går formiddag.

Svinviktunnelen stengt

Svinviktunnellen inn mot Todalen er stengt som følgje av steinraset i går. No jobbar Vegvesenet for ei alternativ ferjeløysing.

Foto: Bjørn Fjelnset

– Det vi gjer no å planlegge å etablere eit ferjesamband mellom Todalen og Kvanne. Det seier fungerande regiondirektør i Statens vegvesen, Ole Jan Tønnesen.

– Vi tek sikte på få sett opp ei ferje med x tal på avgangar kvar dag.

I dag dreg Vegvesenet på synfaring for å planlegge ferjesambandet.

I går formiddag gjekk det eit stort steinskred som drog med seg om lag 100 meter av vegen mellom Svinviktunnelen og Todalen. 350 innbyggjarar er isolerte i bygda og er heilt avhengige av båttransport. Frå i dag av set Surnadal kommune opp båtskyss av personar som skal til og frå jobb og skule, men det er ikkje nok.

(Artikkelen held fram under videoen)

Vararordførar i Surndadal kommune, Lilly Gunn Nyheim, gir ei oppdaterer om situasjonen i Todalen per torsdag formiddag.

Sjå ferskt intervju om den oppdaterte situasjonen i Todalen. (Gunnar Sandvik/NRK)

Kan ta to veker

Ifølgje Tønnesen kan ta ei veke til to veker før ferjeløysinga kjem på plass.

– Det som er utfordringa no er å få på plass ei beredskapsferjekai i Todalen. Det er materiell vi har lagra på vegstasjonen på Skodje som kan få frakta innover, seier Tønnesen.

I dag reiser Vegvesenet inn til Todalen for å finne ut korleis dei kan kople ei slik kai på land.

– Målet er å etablere den ferjesambandet så fort som overhovudet mogleg.

Gode nyheiter

Talgø Møbelfabrikk i Todalen kom i formiddag med krav om ferjeløysing så raskt som mogleg. Utan tilgang til straum og transportløysingar, frykta leiinga permitteringar av mange tilsette.

At dette no allereie har kome på plass, kjem derfor som ei positiv overrasking på dagleg leiar Ole Magne Nordvik.

– Det er imponerande, så all takk og ære til dei som har fått det til, seier Nordvik.

– Det er fantastisk gode nyheiter, så no får vi berre håpe at vêret held slik at det let seg gjennomføre. No vil vi kunne levere varer til kundane våre på ein god og normal måte, legg han til.

No håper han at ferja faktisk kjem på plass som lova.

– Viss ikkje blir det dramatisk for både for dei tilsette og bedrifta vår på sikt.

Startar ryddearbeidet over helga

Forutan å få på plass ei mellombels ferjeløysing, vil Vegvesenet jobbe for å få vegen opna igjen. Også det vil ta tid, men over helga vil oppryddinga begynne.

–Den fjellsikringsgruppa som vi treng før vi kan setje i gong ryddinga, vil setje i gong rigginga på måndag. Det må riggast ein del frå toppen av, så kjem det etter kvart fullt mannskap frå tysdag, seier Tønnesen i Vegvesen.

Han har forståing for at somme kan vere frustrerte av at dette arbeidet ikkje startar med ein gong.

– Det er ferietid, så dessverre dette er det vi klarer å få til no. Vi føler at entreprenørane og andre har strekt seg langt for å kome fram til ei løysing, men det er dette vi kan få til.