Hopp til innhold

Ferje krasja i kaia

  • Alternativ rute

    Grunna tekniske problem på sambandet mellom Eidsdal og Linge, så vil ferja trafikkere mellom Eidsdal og Liabygda. Denne ruta vil gjelde fram til kaia på Linge blir opna igjen.

  • Jobbar med reserveferje

    Fjord1 jobbar med å få på plass ei reserveferje i sambandet Eidsdal-Linge etter at ferja støytte inn i kaia. Reserveferja er truleg ikkje på plass før i natt eller torsdag morgon, opplyser Statens vegvesen.

  • Ferje krasja i kaia

    Ferja som går mellom Eidsdal og Linge støtte saman med kaia etter eit teknisk havari. Det var sju passasjerar om bord. – Verken passasjerane eller mannskapet kom til skade, seier Kristin Øverås, som er operativ leiar i Fjord1. Det var ein liten samanstøyt og difor reknar ho ikkje med at skadane på ferja skal vere store. Sambandet er innstilt. Det same er nabosambandet Stranda-Liabygda, fordi den ferja skal hjelpe bilane i land.

    Ferja Geiranger mellom Eidsdal og Linge krasja i kaia
    Foto: tipsar