Hopp til innhold

– Vi var berre 10-20 meter frå å treffe skjera

Ferja «Stordal» mellom Seivika og Tømmervåg var nær ved å gå på grunn i dag med 34 passasjerar om bord. Kapteinen seier det berre er flaks at dei ikkje traff land.

Seivika-Tømmervåg

Ferja vert no slept til Seivika av redningsskøyta Erik Bye.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ferja Stordal fekk motorstans på Talgsjøen og varsla Hovedredningssentralen klokka 07.50 i dag.

– Vi dreiv mot land og det var ganske kritisk ei stund. Vi var 10-20 meter frå skjera og det var berre flaks at vi ikkje gjekk på land, seier kaptein Kjartan Skarvøy til NRK.

Ingen panikk

Det var 34 personar om bord og eit mannskap på fem. Passasjerane dei fekk utdelt redningsvestar og vart samla på dekk i tilfelle evakuering.

Skarvøy seier at passasjerane har det bra og at dei tok situasjonen roleg.

– Det var ingen panikk, seier kapteinen. No skal dei prøve å legge til kai i Seivika slik at bilane kjem seg på land.

Fekk hjelp

Seks minutt etter avgang frå Tømmervåg klokka 7.30 stansa hovedmotoren.

– Både los, redningsskøyte og Sea King vart varsla, men helikopteret snudde då situasjonen var under kontroll. Det seier operasjonsleiar Sigvart Sivertsen ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Ferja er no under slep av redningsskøyta Erik By, på veg mot Seivika.

– Det er klart at dersom veret hadde vore endå dårlegare kunne ferja ha gått på grunn, seier Sivertsen.

Nær land

Erik Willarsen, redningsleiar ved Hovedredningssentralen, seier at ferja var nært land då motoren stansa. Veret i området er dårleg med sterk vind.

– Heldigvis var det båtar i nærleiken. Losbåten fekk satt slep relativt raskt, seier Willarsen.

NRK oppdaterer saka

Laster Twitter-innhold