Hopp til innhold

Her skal både farleg last og bilistar få plass

Ofte må bilistar stå att på kaia fordi ferja mellom Seivika og Tømmervåg har gasstransport om bord. No blir det montert brannsløkkeutstyr, slik at personbilane får bli med.

Gassproblem på ferge

Når gassbilen er med ferja, må andre bilar stå att, dersom ferja manglar sløkkeutstyr.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Når gassbilen køyrer om bord i ferja Bjørnsund, må dei fleste andre stå igjen. Ferja har ikkje brannsløkkesystem med skum, og kan dermed berre ta med 25 passasjerar saman med gasstransporten, sjølv om kapasiteten er på 240. Dette har skapt stor frustrasjon for dei som stadig må stå igjen. No skal det bli slutt på problema når ferja får montert skumsløkkingsutstyr.

Alle får bli med

Karstein Holm i Fjord1 er leiar for ferjene på Nordmøre og seier at dette har både reiarlaget og passasjerane sett fram til.

– Dette blir ein gevinst for alle kundane våre på nordre Nordmøre. No skal dei sleppe å vente, seier Holm.

LES OGSÅ:

Ekstra belasta strekning

Ferjesambandet Seivika-Tømmervågen har ekstra mykje bilar med farleg last, sidan sambandet ligg i nærleiken av Tjeldbergodden. Der produserer selskapet Aga flytande naturgass og transporterer gassen med bil.

– Mange har mista ærend i byen, dei har mista fly og legetimar, så det har vore eit problem, seier Holm. Det har skjedd dagleg at bilar har måtte stått att og også i helgene når det berre går ei ferje i sambandet.

I løpet av oktober skal sløkkeutstyret vere på plass.