Hopp til innhold

Ferje braste i kaia

Ferja «Ølen» i sambandet Årvika-Koppernes er no slept til Larsnes med skadar etter ein samanstøyt med ferjekaia i Årvika tidleg tysdag morgon. Det opplyser Norled. Også skadane på ferjekaia er i ferd med å bli reparert.

Ferja Ølen til kai i Årvika

Ferja «Ølen» til kai i Årvika i dag tidleg. Uhellet skjedde like før klokka 05.

Foto: privat

Siste: Norled opplyser at reserveferja skal vere på plass innan klokka 11.

Det var ved femtida i dag tidleg at ferja braste inn i kaia. Like før klokka 05 fekk mannskapet vanskar.

– I det ferja skal til å svinge, ser vi at den ikkje slakkar ned på farta, og køyrer rett inn i sida på ferjeleiet. Heldigvis greier dei å svinge, og etter kvart legge til.

Det seier Ronny Løvoll, som var ein av få passasjerar om bord.

Han seier hendinga var skremmande.

– Vi tok det jo med fatning, men litt skummelt var det jo. Vi kunne ikkje gjere noko anna enn å halde oss fast, og det gjekk jo bra, seier han.

Stadfestar uhell

Inge Andre Utåker i Norled, stadfestar hendinga,

– Ferja har hatt eit manøveruhell på veg til Årvika, og kom inn forkjært inn til kaia, truleg med for høg fart, seier han.

Inge Andre Utåker

Inge Andre Utåker er regionsjef for ferjer i Norled.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ferja trefte kailederen slik at eit fenderpanel losna og hamna i sjøen.

– Dette panelet trefte propellen på ferja, slik at den fekk skadar, seier Utåker.

Så langt han veit er skadane på kaia ikkje er store.

Men kaia kan ikkje brukast så lenge panelet ligg i sjøen, så vi har bestilt servicefolk.

– Veit du noko om kvifor ferja hadde høgare fart enn vanleg?

– Det kan eg ikkje seie noko om før vi har gått igjennom dette internt.

– Har bestilt reserveferje

Førebels er det sett opp ekstraturar i sambandet Larsnes – Åram for å ta unn a noko av trafikken. Etter kvart er det planen at trafikken skal starte opp att.

– Ferja må i dokk, men vi satsar på å ha ei reserveferje på plass i løpet av få timar, seier Utåker.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL