Hopp til innhold

Ikkje sikkert «MF Ullensvang» kjem likevel

Hareid-ordførar Anders Riise er nøgd med at samferdselsministeren seier ja til at Ullensvang ikkje skal gå på Sunnmøre.

ullensvang

Den 28 år gamle ferja «MF Ullensvang» har skapt stor strid. Reisande på Sunnmøre vil ikkje ha den. No blir den tatt vekk.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Anders Riise

Ordførar i Hareid, Anders Riise, har tidlegare sagt at det å sette inn denne gamle ferja er å gå baklengs inn i framtida. No har han fått det som han ønskte.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Frå nyttår skal «MF Ullensvang» etter planen inn i sambandet Hareid-Sulesund. Men ferjeselskapet Norled har innsett at det ikkje er optimalt, og har bedt om å få endre på planen, slik at sambandet får behalde dagens ferjer. Dei vil i staden bruke den gamle ferja over Sognefjorden i sambandet Lavik-Oppedal. Det har Statens vegvesen, region Vest, sagt nei til. No seier Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen at han er positiv til at ferjeselskapet kan gjere endringar.

Hareid-Sulesund er eit av dei mest trafikkerte i landet, og både pendlarar, næringslivet og politikarar var rasande då det vart kjent at den 28 år gamle ferja skulle inn i sambandet. Ferja vart brukt som reserveferje i fem dagar i vår, og då var det reine kaoset med køer. Grunnen er at det tar så lang tid å fylle og tømme ferja for bilar.

Hareid-ordføraren trur no at ferjesambandet slepp trøbbelet med den gamle ferja.

– Det er eigentleg ei klar bestilling til Statens vegvesen og Region Vest om å sjå på saka på nytt, og prøve å finne løysingar slik at vi får ein best mogleg og fornuftig ferjesituasjon for Sognefjorden og Hareid-Sulesund.

Berre eit alternativ

Han meiner at det finst berre eitt alternativ – nemleg å halde fram med dagens ferjer.

– Alt anna hadde vore ei katastrofe for både næringsliv og innbyggjarane på ytre Søre. Vi forventar at det blir orden.

Samferdselsministeren har no spelt ballen over til Statens vegvesen. Dei skal stå for løysinga.

– Eg er glad for at ferja blir skifta ut, men også litt overraska, seier ordføraren.