Hopp til innhold

Ferieturen vart musikkvideo

Då Henning Stranden og søstrene vart påspandert ferietur til Rhodos av foreldra, så laga dei musikkvideo som takk. Det vart populært også hjå fleire.

Då Henning Stranden og søstrene vart påspandert ferietur til Rhodos av foreldra, så laga dei musikkvideo som takk. Det vart populært også hjå fleire.

SJÅ MUSIKKVIDEO: Dei tre hadde det kjekt då dei spelte inn musikkvideoen som vart 60-årsdagspresang til foreldra. Frå venstre: Hilde Stranden, Karianne Stranden Rikstad og Henning Stranden.

– Me laga songen som ein hyllest til vår mor og far som tok oss med på ein sydentur, og så foreslo søstera mi Karianne at me måtte lage musikkvideo, seier artisten Henning Stranden.

– Så då gjorde me det, seier han.

Sjå musikkvideoen øvst i saka.

Over 10 000 visingar

Bandbilete av Paralía, med Karianne, Henning og Hilde

I SOLOPPGANG: Bandbilete av bandet παραλία eller «Paralía», som betyr Stranden på norsk, vart sjølvsagt tatt i soloppgangen. Frå venstre: Karianne Stranden Rikstad, Henning Stranden, og Hilde Stranden.

Foto: Ronny Farstad Fredriksen

Dei tre syskena Henning, Karianne, og Hilde spelte inn låten på førehand, og hadde den klar ein dag før dei skulle reise. Det var mest naturleg for dei at det blei ei dansebandlåt.

– Me skulle lage noko til mor og far som vart 60 år, så me kunne ikkje lage noko kjempemoderne. Nicki Minaj eller Justin Bieber hadde ikkje vore riktig, så det vart ei litt sydenaktig låt, seier Henning.

Og foreldra vart nøgde med gåva?

– Me spelte den av på anlegget til mor og far si store begeistring. Den er jo meint til å vera litt humoristisk, for det er nokre rim der som ikkje heng på greip, seier Henning.

Videoen la dei ut på Youtube, og fekk over 10 000 visingar på ei veke.

– Det var me ikkje førebudd på. Det var veldig gøy, seier Henning.

Gir av seg sjølve

Hoppar i det

GAV ALT: Karianne, Henning og Hilde gav alt under musikkvideoinnspelinga.

Foto: Skjermdump frå musikkvideo

Artisten Henning vart lagt merke til då han var med på Beat for beat, og song «We are the world» på ein heilt eigen måte. Han har også hatt cupfinalesongen til Molde i 2005, og var med på songen til Jo Nesbø og Knut Marius Djupvik i fjor.

Då ferielåten og musikkvideoen til foreldra skulle lagast var det viktig for syskena at alle var med, også den yngste søstera Hilde.

– Ho har aldri sunge offentleg, men då me opptredde på karaoken på Rhodos, så sa ho «om eg ikkje kan synge, så skal eg iallfall ta det på show», seier Henning.

– Det er litt slik i familien, at me gir av oss sjølve. Me er ikkje veldig tradisjonelle moldensarar, seier han lattermildt.

– Moro å spele inn

Syskena Karianne, Henning, og Hilde Stranden

VART SETT: Då syskena Karianne, Henning og Hilde spelte inn musikkvideo i hotellbassenget på Rhodos, så vart dei lagt merke til.

Foto: Skjermdump frå musikkvideo

Videoinnspelinga var ikkje nøye planlagt, men dei visste dei måtte ha nokre scenar ved symjebassenget. Det vart lagt merke til.

– Mange turistar lurte på kva i all verda me heldt på med der me stod og song, seier Henning og legg til at nokre scenar vart gjort tidleg.

– Me avtalte å møtast på stranda klokka seks om morgonen, og då var det ikkje så mange som var oppe. Då fekk me jobbe i fred, og slapp å drite oss ut framføre veldig mange, seier han.

Og no oppfordrar Henning andre om å også lage video.

– Det var veldig moro å spele den inn, så lag gjerne ei enkel sommarlåt og lag video, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL