NRK Meny
Normal

– Det har nytta å vere seig

Han har betre oversikt over fylket vårt enn du og eg nokon gong vil få. No gir Håkan Norlén seg som helikopterpilot for ambulansetenesta i Møre og Romsdal.

Takkar for seg

Håkan Norlén har 35 år bak seg som helikopterpilot for ambulansetenesta. Han blir sett på som ein pioner i yrket.

Den avtroppande piloten har mykje å sjå tilbake på etter 35 år i teneste. Mellom 5 og 25 turar kvar jobbveke har det blitt, med både gode og vonde utfall.

– Det er klart at det har vore mange tunge og triste turar. Men det er og mange gode, enkle som gjer opp for det, seier han.

– Og sjølv når det er tunge turar, føler du at du har gjort noko. Du har gjort alt som kunne gjerast der og då. Den aller beste kjensla er nettopp den at ein gjer ein forskjell. Det er givande arbeid, ingen tvil om det.

Håkan-pilot

Avtroppande helikopterpilot Håkan Norlén og redningsmann Roger Stenlund har praktisk talt levd oppå kvarandre i alle åra dei har vore på jobb.

Foto: Brede Røsjø / NRK

«Den store jegeren»

Norlén har vore med på mange ulike operasjonar, men er særskilt kjend for ikkje å gje seg når det er søk etter sakna. Det er ved redningsaksjonar og søk at han er i sitt ess.

Jan Gunnar Hole i Sunnmøre Alpine Redningsgruppe har kjent piloten i nær tjue år, og er ein av mange som kan fortel om ei fantastisk stå-på-vilje.

– Det som ein først og fremst må peike på som skil Håkan frå alle andre, er at han alltid er «den store jegeren». Han gir seg aldri, og legg ned ein innsats langt over det som kan forventast.

– Når andre ikkje ser grunn til å fortsette eller leite meir så står han på, og ofte har det leidd til at folk har blitt funne trass alle odds. Han har ein utruleg teft, meiner Hole.

Godt likt pådrivar

Ola Vaage ved Hovedredningssentralen i Rauma ser òg Norlén som føregangsmann, samt ein markert pådrivar for samarbeidet mellom ambulansetenesta og fjellredningstenesta.

– Håkan var med å legge grunnlaget for dei prosedyrane vi har i dag for å ta ut underhengande klatrarar med lang line. Han er ein ordentleg likandes kar, genuint interessert i å hjelpe andre og ein som har lagt ned mykje arbeid i lag med frivillige klatrarar, seier Vaage til NRK.

– Der har vi «mista» ein god mann, legg han til.

Ein pioner

– Det går nok ein liten jævel i meg når det søkast, stadfestar Norlén.

– Det er lett sette seg inn i korleis dei pårørande har det, enten det er gammal eller ung vi leiter etter. Ein ynskjer jo å gjere kva det måtte vere for å finne dei som er sakna. Men det nyttar. Å ta dumdristige sjansar er det ingen vits i, men det nyttar å vere seig. Så lenge det er fornuftig er det berre å halde på.

Hole vil og trekke fram at Norlén har vore ein pioner i Norge når det gjeld alpint redningsarbeid.

– Han var ein av dei aller, aller første som kom inn med teknikkar som vi brukar i dag og tok på seg slike oppdrag. Han var ein føregangsmann.

Trygg frå første dag

Forholdet mellom pilot og redningsmann i ambulansehelikopteret er tett. Dei lev ofte saman omtrent heile karrieren, og slik har det og vore for Norlén og kollega Roger Stenlund. Med eit lurt smil beskriv Stenlund kjennskapen deira som «eit ekteskap sett i system».

– Vi har hatt nokre fantastiske stunder, og eg har lært utruleg mykje av Håkan. Dersom eg kunne støypt ein pilot, ville eg brukt han som mal. Det har vore sikkert frå første flytime eg hadde med han då eg begynte her.

– Kan eg få det skriftleg? spør Norlén med eit flir.

To gode vener

Teknikar i Lufttransport A/S, Odd Arne Hessen, kjem til å sakne å ha Norlén på arbeid. Saman har dei opplevd mykje.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Fortsett å flyge

I ambulansehelikopteret «Augusta» skal ikkje Norlén sitte meir. Men heilt ferdig med flyging er han likevel ikkje.

– Eg skal tilbake og flyge for NORD Helikopter på Vigra, der eg starta. Det blir flott, seier han fornøgd.

Tidlegare kollega Beate Stock, som er anestesisjukepleiar, er og glad for at Norlén går tilbake til sin gamle arbeidsplass.

– Det passar han perfekt. Håkan er av den gamle skulen som verdsett flyging som «handverk», og har nok sett seg litt lei av alle instrumenta som har kome inn i ambulansehelikoptera i nyare tid. I NORD fer han flyge inn i fjellet og må ta omsyn til ver og vind og lese terreng, noko han er frykteleg god på.

Blant alt det verdifulle Norlén tek med seg vidare, er ei eineståande geografisk oversikt over Møre og Romsdal fylke.

– Eg kan bli ein bra turistguide! flirer han, før han meir alvorleg legg til at han er blitt like glad i Norge som sitt eige heimland.

– Eg står liksom med ein fot på kvar sida av grensa. Norge er eit fantastisk flott land med alle sine fjordar og fjell, det er ingen tvil om det.