Hopp til innhold

Fengsla på nytt i omfattande narkotikasak

To polakkar er på nytt varetektsfengsla i fire veker, sikta for å ha tatt med seg inn i landet store mengder narkotiske tablettar i ein koffert.

Resepsjon Frostating lagmannsrett Ålesund Sunnmøre tingrett

NARKOTIKALOVBROT: To av dei tre polakkane som er sikta for grove narkotikalovbrot, blei måndag fengsla på nytt til over jul.

Foto: Harry Heggdal / NRK

Det var laurdag 12. november politiet slo til mot tre polakkane i ålesundsområdet. I kofferten til ein 19-åring fann dei store mengder narkotiske tablettar.

Tablettane skal ha vore pakka i plastposar, og politiet meiner det viser at dei var meint for vidaresal.

I november blei dei tre varetektsfengsla i fire veker, sikta etter straffelova § 232, for grovt narkotikalovbrot. Måndag blei to av dei fengsla på nytt, og retten viser både til faren for at polakkane skal stikke av og at dei øydelegge bevis. Den tredje som blei pågripen, er seinare lauslaten.

Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik

TRENG TID: Politiadvokat Magne Kvalvik seier dei treng meir tid til å kome til botns i saka, og vil ikkje kommentere om det er aktuelt å pågripe fleire.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Politiet har vore svært tilbakehaldne med å kommentere saka, og grunngir det med at saka er i ein tidleg fase. Politiadvokat Magne Kvalvik seier at etterforskinga framleis pågår, og han vil ikkje kommentere om det er aktuelt å pågripe flerie.

Vi treng meir tid for å kome til botns i saka, seier han.