Hopp til innhold

Fengsla i tre veker

To litaurarar er i formiddag varetektsfensla i tre veker etter å ha blitt stoppa ved Åndalsnes i går ettermiddag med bilen full av det politiet meiner er tjuvgods. Ifølgje politiet stammar verktøyet frå ein byggjeplass i Ulsteinvik. Politiet fryktar at mennene skal stikke av, det er årsaka til at dei no blei fengsla.