NRK Meny
Normal

Fengsla i tre veker etter å ha blitt stoppa med bilen full av tjuvgods

To litauarar blei fengsla i tre veker i formiddag etter å ha blitt tatt med bilen full av tjuvgods i går ettermiddag.

Politiillustrasjon

Illustrasjon.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Dei to litauarane blei stoppa i Romsdalen på veg austover fredag ettermiddag, med bilen full av det som politiet reknar som tjuvgods.

– Vi fryktar at dei var på veg vekk frå området og ut av landet med tjuvgodset, seier politiadvokat Lena Romestrand ved Sunnmøre politidistrikt.

Fann kompressor og drillar

Lena Romestrand

– Vi veit førebels ikkje kor store verdiar dei har fått med seg, seier politiadvokat Lena Romestrand.

Foto: Politiet

Ifølgje politiet stammar tjuvgodset frå ein byggjeplass i Ulstein natt til onsdag. I bilen fann politiet mellom anna ein kompressor, drillar og slagbor.

– Vi veit førebels ikkje kor store verdiar dei har fått med seg, men skal etterforske saka vidare, seier Romestrand.

Fryktar dei kan stikke av

Mennene blei framstilte for varetektsfengsling laurdag klokka ni, og politiet fekk medhald i kravet. Dermed blir mennene sitjande i varetekt i tre veker. Politiet argumenterte for fengsling på bakgrunnen av faren for at dei kan stikke.

– Dette er folk utan særleg sterk tilknyting til Noreg, så vi fryktar at dei unndrar seg straffeforfølging, seier ho. Politiet kjenner ikkje til at mennene tidlegare er straffa for liknande forhold i området.

Laster kart, vennligst vent...