Fengsla i fire veker etter ran – sikta for fleire lovbrot
Ein 18 år gamal mann er fengsla i fire veker, sikta for fleire lovbrot. Han er blant anna sikta for tjuveri, ran, skadeverk, narkotikalovbrot og kroppsskade.
I helga blei mannen arrestert etter å ha rana ein ung gut i Ålesund sentrum.
Politiet bad om fire veker i varetekt og meiner at mannen kan straffast for lovbrot som vil føre til ei straff lenger enn seks månader. I tillegg meiner dei at det er ei fare for at mannen kjem til å gjere nye lovbrot dersom han ikkje blir fengsla. Han har tidlegare hatt meldeplikt, men det har ikkje vore nok til å avverje nye lovbrot, står det i fengslingsskjenninga.
Mannen har også erkjent straffeskuld for fleire av lovbrota han er sikta for.
Retten meinte at vilkåra for fengsling ligg til grunn. Dei viser mellom anna til at mannen er mistenkt for å ha gjort seg skuldig i 16 straffbare handlingar, frå januar til august i år.
Dei vektla også at dei mest alvorlege forholda som han er sikta for, kroppsskade og to ran, har skjedd nyleg. Retten gjekk derfor med på å fengsel han i fire veker medan politiet bygger ei sak mot mannen.