Fengsla for seksuell kontakt

Ein mann i 40-åra frå Sunnmøre er dømt til fengsel i 120 dagar for seksuell kontakt med ei 14 år gammal jente. Mannen i 40-åra har både sendt fleire meldingar med seksuelt innhald, og prøvd å møte jenta for å ha seksuell omgang med henne. Mannen har erkjent forholda, men sa i retten at han trudde jenta var over 18 år. I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale oppreising på 60 000 kroner til jenta.