NRK Meny

Fengsla for fleire drapstruslar

Ein mann i 30-åra er i Nordmøre tingrett varetektsfengsla i to veker for fleire drapstruslar og for å ha gått rundt med isøks og knivar. Mannen skal ha trua både privatfolk og politifolk på livet, og er ifølge rettsavgjerda dømt for det same tidlegare. Politiet ville fengsle han i fire veker, men får berre medhald i to veker, og retten viser til faren for at han kan gjere det på nytt.