Fengsla for drapstrugslar

Ein 18-åring frå Sunnmøre varetektsfengsla i fire veker, sikta for gjentekne drapstrugslar. Ifølgje avgjerda frå retten har han truga med å ta livet av familiemedlemar, politi, helsevesen og andre fleire gongar. Han vedgjekk straffskuld i retten og samtykka til fengsling. Retten er komen til at 18-åringen ikkje var psykotisk då han kom med trugslane, men mannen skal no bli undersøkt nøyare av psykiaterar.