NRK Meny

Fengsla for å ha kappa av finger

Ein mann i 20-åra frå Kristiansund er varetektsfengsla i fire veker, mistenkt for å ha kappa fingeren av ein annan. Mannen sjølv nektar for at han står bak, og det same gjer kona hans og mannen som har mist fingeren. Retten meiner forklaringane har liten verdi, og viser mellom anna til at det er spor av blod heime hos den sikta. Politiet fryktar at bevis skal gå tapt, dersom mannen blir sett fri, og har difor fengsla han i fire veker.