Fengselsstraff for tagging

Ein 18-åring frå Sande er dømd til fengsel på vilkår i 45 dagar etter at han tagga fleire bilar og hus. I tillegg må han betale 110 000 kroner etter ein kvelds moro.

18-åringen må no betale erstatning til alle offera for tagginga han foretok seg ei fredagsnatt i mai. Frå midnatt og utover gjekk han laus på ei rekkje hus og bilar i Sande, og gjorde skadar for 110 000 kroner.

Mannen har mellom anna spraya inn "DASK", "High til i die" og "SFC" på bilane. I tillegg brukte han ein kniv til å ripe opp lakken på fire bilar, han gjekk laus på utemøblane på Larsnes skole og sette fyr i ein søppeldunk. Alt skjedde i hasjrus.

Mannen vedgjekk alle forholda, då saka tidlegare denne veka var oppe i Søre Sunnmøre Tingrett. I dommen heiter det at dette er ei sjenerande form for skadeverk som både går ut over privatfolk og ålmenta. No har han fått 45 dagars fengsel på vilkår.