NRK Meny

Fengselsstraff for ruskøyring

Ein frænamann i slutten av 20-åra er dømd til fengsel i seks månader for fleire narkotikalovbrot. Mannen har fleire gongar køyrt bil i høg fart med rus, han blir også straffa for å ha oppbevart narkotika og dopingmiddel. I tillegg til fengselsstraffa må han betale 10 000 kroner i bot, og får ikkje køyre bil på fem år.