NRK Meny

Fengsel i ni månader

Ein mann frå Frei i slutten av 20-åra er dømt til fengsel i ni månader for grove narkotikalovbrot. I januar fann politiet omlag 2,3 kilo hasj og nokre gram kokain hos mannen. Ifølgje dommen hadde mannen skaffa seg stoffet med tanke på sal, for å slette gamal narkotikagjeld. Fordi han vedgjekk alt i retten er straffa kortare enn normalt, og mannen må i fengsel i ni månader.