Hopp til innhold

Valet av fengselstomt er like rundt hjørnet

Om ei vekes tid blir det klart kvar Kriminalomsorga ønskjer å plassere eit nytt fengslet i regionen. I dag var det synfaring til dei fem kommunane som gjerne vil ha fengselet.

Ålesund fengsel

Ålesund fengsel har gjort nytte i 150 år. No er det på tide at det blir erstatta med eit nytt og moderne soningssenter, meiner både kommunar og Kriminalomsorga

Foto: Sara Lovise Roaldseth

Fem kommunar med tilsaman 10 tomtealternativ for nye-fengselet fekk besøk av Krimonalomsorga region Vest, Fri-omsorga og medlemane i Sunnmøre regionråd. Alle var ivrige etter å få fortgang i planane om å få bygd eit nytt fengsel til erstatning for det 150 år gamle fengselet i Ålesund. Det har berre 27 soningsplassar.

Kjartan Helland og Per Sigurd Våge

Kjartan Helland, fengselsleiar i Ålesund saman med regiondirektør Per Sigurd Våge på synfaring i Haram.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tilrådinga

Det er Stortinget som avgjer om det skal byggast eit fengsel og kvar det skal ligge. Men regiondirektør i Kriminalomsorga, Per Sigurd Våge, skal kome med tilråding for kvar det bør ligge.

– Tilrådinga skal eg gjere i samråd med fagforeningane og dei to fengselseiningane som er i fylket. Konklusjonen vår kan vere klar om ei vekes tid, seier Våge.

Unngå krangel

Våge legg vekt på at det no er viktig å unngå intern krangel på Sunnmøre om kvar fengselet skal ligge.

– Det blir heilt avgjerande å unngå krangel, slik at vi får ei framtid i Ålesund, seier Våge til NRK.

Haram-ordførar Bjørn Sandnes, er samd med regiondirektøren i at kommunane ikkje må starte krangel seg i mellom om kven som bør få fengselet.

Bjørn Sandnes, Knut Støbakk og Bjørn Tømmerdal

Ordførarane Bjørn Sandnes, Knut Støbakk og Bjørn Tømmerdal ønskjeer alle å få det nye fengselet til sin kommune. Men krangel, vil dei unngå.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fengsel viktigast

Likevel,arbeidsplassar eit fengsel kan gi, er viktigaste årsaka til at Haram ønskjer at fengselet blir liggande nettopp hos dei.

– Det hadde vore kjekt å få fengselet til Haram. Men fokuset vårt må vere at institusjonen kjem til regionen vår, seier ordførar Bjørn Sandnes.

Kommunane som er med i kampen om å få fengselet, er Haram, Skodje, Sula, Giske og Ålesund. Tilsaman har desse altså 10 tomter dei meiner eignar seg for fengselet.

Håper for alle som er med i kampen for eit nytt fengsel, er at det skal kome med i stortingsmeldinga om fengselskapasiteten som kjem til våren.