NRK Meny

Fengsel i fire år for overgrep

Ein mann i 40-åra er i Frostating lagmannsrett dømd til fengsel i fire år for omfattande overgrep mot stedottera. Mannen får strafferabatt fordi han vedgår det han er skulda for, og straffa er 1/2 år kortare enn i Søre Sunnmøre tingrett i april. I dommen kjem det fram at mannen har forgripe seg på jenta minst 250 gongar medan ho var mellom 10 og 15 år gamal.