Hopp til innhold

Fengsel i 8 år for valdtekt

Ein 37 år gamal mann frå Romsdal er dømd til fengsel i åtte år for for 5 valdtekter av tre jenter. To av jentene var under 16 år på tidspunktet for valtekten.

Retten blir satt i Romsdal tingrett.

Rettsaken gikk for Romsdal tingrett i begynnelsen av mars. Nå foreligger dommen.

Foto: Erik Hattrem / NRK

Den mest omtalte valdtekten skjedde i samband med eit jobbintervju. Mannen dreiv eit firma, og den eine valdtekte skjedde då ei av jentene skulle få sjå lageret som firmaet disponerte.

Les også:

Foreldra kontakta politiet

Politiet vart i januar i fjor kontakta av foreldra til den eine jenta, som då var 15 og eit halvt år. Dei fortalde at ho hadde blitt utsett for valdtekt under eit jobbintervju.

Mannen vart pågripen, sett i varetekt, og tilsto at han hadde hatt samleie med jenta. Men han hevda dette var frivillig. Han hevda også at han ikkje visste at jenta var under den seksuelle lågalderen, og sa seg difor ikkje skuldig.

Han nekta også for å ha tatt nakenbilder av jenta, men tilsto dette i seinare avhøyr.

Fleire jenter melde mannen

Statsadvokaten tok ut tiltale, og saka skulle starte i november 2012. Men i september same år melde to andre jenter mannen til politiet for valdtekt.

Les også:

Dei gjorde dette fordi dei hadde fått kjennskap til rettssaka gjennom media, og forsto at det var same mannen.

Kom i kontakt på ungdomsklubb

Mannen har jobba på ein ungdomsklubb, og det var der han kom i kontakt med dei to jentene som melde mannen til politiet to månader før overgrepssaka mot han skulle opp. Den eine saka vart lagt vekk på grunn av at bevisa ikkje var sterke nok.

Men under etterforskinga kom det fram at enda ei jente ved ungdomsklubben var utsett for overgrep.

Dermed vart tiltalte sikta for overgrep mot tre jenter. Den eine av dei var berre 14 år då overgrepa skjedde.

Grov utnytting

Mannen er no dømt for fem forsettlege valdtekter mot dei tre jentene.

Ifølgje dommen har ikkje sjølve overgrepa skjedd med grov vald, men mannen har brukt makt, samt grovt og kynisk utnytta tilliten som jentene viste han.

Mannen tok også bilete av to av dei fornærma under eller i tilknytning til overgrepa. Retten legg også til at mannen utsette jentene for ein ikkje ubetydeleg risiko for å bli smitta av kjønssjukdomar.

Gjennom domen i Romsdal tingrett er mannen no også frådømd retten til å drive organisert verksemd med barn under 16 år. Han må også betale erstatning til jentene på 175 000 kroner til kvar.

Mannen ankar dommen.