Hopp til innhold

Fengsel for ulovleg opphald

Ein 34 år gamal irakar i Kristiansund er dømd til fengsel i 10 månader for å ha opphalde seg ulovleg i landet. Etter ei rekkje domfellingar for vald, ran og truslar vart han utvist frå landet hausten 2009, og fekk fem års innreiseforbod. Retten viser til at mannen har vore i landet ulovleg sidan februar i fjor.