NRK Meny

Fengsel for blotting

Ein mann i 50-åra frå Sunnmøre er dømd til fengsel i 2 år og 8 månader for seksuelt krenkande oppførsel overfor mindreårige.

Han er funnen skuldig i å ha forleda 10 identifiserte og tre uidentifiserte barn til å kle av seg og å utføre seksuelle handlingar fram for webkamera.

Han er også funnen skuldig i sju tilfelle av blotting overfor barn under 16 år. Mannen blei frifunnen for fire av blottar-tilfella han var tiltalt for.