Hopp til innhold

Fem uhell i Molde på ein time

Politiet åtvarar mot glatte vegar og ber bilistar om å køyre forsiktig.

Utforkøyring i Molde

Med kort mellomrom var det to bilar som køyrde utfor vegen på Mjelve, mellom Molde og Hjelset i ettermiddag.

Foto: Roar Strøm / NRK

Politiet i Romsdal hadde nok å henge fingrane i, mellom klokka 15 og 16 i dag. På den tida skjedde det heile fem trafikkuhell i Moldeområdet.

15.18: Kollisjon mellom to bilar i Kviltorpsvegen i Molde. Ein person vart sendt til legevakt for sjekk.

15:30. Trafikkuhell E39 Røbekk ved Hesthagen. Ein bil vart påkøyrd bakfrå av eit vogntog med hengar. Ein møtande bil var også involvert. Trafikken vart dirigert på staden medan bilberging gjekk føre seg.

15:51: Ein bil køyrde av vegen på Kviltorp på E39.

16.07. To utforkøyringar på Mjelve mellom Molde og Hjelset. Det var trafikale utfordringar til bergingsbilen kom.

– Heldigvis var det ingen alvorlege personskadar i nokon av uhella, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund. Det er meldt om nullføre og vanskelege køyreforhold i Romsdal.

Politiet ber bilistar om å køyre etter forholda.

– Plutseleg kan temperaturen gjere at det blir svært glatt, sjølv om det ikkje ser slik ut, seier Gjøsund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL