NRK Meny
Normal

Fem til sjukehus etter kollisjon

To bilar kolliderte mellom Grøa og Gjøra i Sunndal. Fem personar er sendt til sjukehus.

Laster kart, vennligst vent...

Kollisjonen skjedde på Riksveg 70 mellom Grøa og Gjøra i Sunndal

Politiet fekk melding om ulykka klokka 13.33. Det var til saman fem personar i dei to bilane og alle er sendt til sjukehus.

– Det er sagt at det kan vere snakk om lettare personskadar, seier operasjonsleiar Styrkar Gagnat. Tre av personane er sendt Molde sjukehus og to til Orkdal.

Politiet kan ikkje seie noko om årsaka til ulykka eller føreforhold.

Vegen var stengt ei stund, men er no opna att.