Fem tenåringar i Molde dømde for vald

Fire gutar og ei jente i tenåra er dømde til fengsel etter å ha banka opp ein 15-åring i fjor haust. Alle involverte har gått på same ungdomsskule.

Norges lover

Fem tenåringar er dømde til fengsel på vilkår for å ha banka ein jamaldring.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK
Roger Oldeide
Journalist

Tre av dei fem ungdomane var berre 15 år då dei banka opp kameraten sin i Molde sentrum. Ein 14-åring som også var med, er ikkje tiltalt på grunn av den låge alderen sin.

No er ungdomane dømde til mellom 18 og 60 dagars fengsel på vilkår. I dommen frå Romsdal tingrett heiter det at dei også må betale guten 20 000 kroner i oppreising.

Skulle få tobakk

Det var i november i fjor at den då 15 år gamle guten vart banka opp av dei fem jamgamle ungdomane.

Dei fem dømde, fire gutar og ei jente, vart provosert over at guten ikkje møtte dei til avtalt tid med tobakk, slik han hadde lovd.

Dei ringde opp guten og trua med å knuse vindauga heime hos han, om han ikkje dukka opp. Det var jenta i gruppa som fekk overtalt guten til å kome å møte dei.

Då guten til slutt kom, vart han jaga gjennom Molde sentrum. Guten vart innhenta ved hurtigbåtkaia der han vart både sparka av fleire. Seinare blei han også slått, og tatt strupetak på, medan dei pressa han opp mot ein vegg og slo av lyset.

Uprovosert vald

Ein av dei er også dømd for å ha forsøkt å true guten til å droppe politisaka.

Alle dei involverte er busette i Molde og har gått på same ungdomsskule.

Tingretten meiner det er spesielt alvorleg at valden skjedde uprovosert og at det skjedde i fellesskap.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.