Hopp til innhold

Stal store mengder sko i Volda

Fem personar vart pågripne i Hordaland i dag, mistenkt for innbrot i Volda og Ørsta.

Politi

Fem menn frå Romania er pågripne og mistenkt for to innbrot i Volda og Ørsta.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Det eine innbrotet var i ein skobutikk i Volda natt til 5. mai og det vart funne store mengder sko i den eine av dei to bilane mennene var i. Det andre innbrotet dei er mistenkte for er i ein frisørsalong i Ørsta, truleg natt til 4. mai.

Dei fem personane vart pågripne i Eikanger i Nordhordaland måndag morgon klokka 09. Mennene er frå Romania og er i alderen 20 til 40 år.

Dei fem sit no i varetekt hjå politiet i Bergen og vil verte vurdert framstilt for varetektsfengsling innan kort tid, opplyser politiet.