Hopp til innhold

Fem personar berga seg ut av brennande hus

Ein overtent einebustad var det som møtte brannvesenet i Ørsta laurdag morgon. Tre av personane som var i huset er sende til sjukehus.

I Ørsta i Møre og Romsdal greide fem personer å redde seg ut av en enebolig som begynte å brenne i dag tidlig. Videoen viser brannen i eneboligen. FOTO: TIPSER

I Ørsta i Møre og Romsdal greidde fem personar å redde seg ut av ein einebustad som byrja å brenne laurdag morgon. FOTO: Mari Vold

Det var klokka 06.00 laurdag morgon politiet fekk beskjed om at det brann i ein einebustad i Ørsta. Brannvesenet kom først til staden og møtte ein einebustad som stod i full fyr.

Brann i einebustad i Ørsta

Huset stod i full fyr då naudetatane kom fram.

Foto: Mari Vold

– Huset var overtent då brannvesenet kom fram, fortel operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Erik Mikalsen.

Dei fem personane som var i huset hadde klart å kome seg ut av huset sjølv. Tre av dei fem er sende til sjukehus for undersøkingar etter å ha fått i seg røyk.

Huset ligg i eit byggefelt, men politiet vurderte det slik at ein ikkje trengde å evakuere husa rundt.

– Det er ikkje fare for spreiing, opplyser Mikalsen.

Brannvesenet jobbar med å ettersløkke det totalskadde huset og politiet driv med etterforskingsarbeid på staden.

Husbrann i Ørsta

Huset som byrja å brenne ligg i eit tettbygd område.

Foto: Per Tore Sætre