Hopp til innhold

Fem norske verft blir italienske

Italienske Fincantieri har kjøpt i alt 50,75 prosent av aksjane i verftsgruppa STX OSV. I alt fem av 10 av deira verft ligg i Noreg.

STX OSV Søviknes

Verftet på Søviknes i Haram er eitt av dei femten verfta som STX OSV har i Noreg.

Foto: Pressebilde / STX OSV

Verftsgruppa STX OSV er ei undergruppe i STX Europe, som opererer i Brasil, Finland, Romania, Frankrike, Vietnam og i Noreg. Hovudkontoret til STX Europa ligg i Oslo, medan hovudkontoret til STX OSV ligg i Ålesund.

No har den italienske verftsgruppa Fincantieri kjøpt fleirtalet av aksjane i STX OSV, for i alt 3,34 milliardar kroner.

Fincantieri har hovudkontor i Trieste i Italia, og er éi av verdas største skipsbyggingsgrupper.

– Viktigaste er å halde på arbeidsplassar

Det er Fincantieri Oil & Gas SpA, dotterselskap av Cantieri Navali Italiani SpA (Fincantieri) som har inngått ein avtale om kjøp av 50,75 prosent av aksjane i STX OSV.

Arne Otto Rogne

Hovudtillitsvald i STX OSV, Arne Otto Rogne.

Foto: NRK / NRK

Kjøpet har vore venta i lengre tid, og interessa var omtalt allereie tidleg i 2012.

– Det viktigaste for oss er å halde på arbeidsplassar i Noreg.

Det seier hovudtillitsvald i STX OSV, Arne Otto Rogne. Han fortel at dei tilsette no ønskjer kontakt med dei nye eigarane for å få klarlagt planane for selskapet.

Det einaste dei så langt veit er at selskapet er statleg eigd og at dei byggjer cruiseskip.

Saka held fram under bildet.

STX OSV Langsten

Dette er STX OSV sitt anlegg i Tomrefjord i Vestnes.

Fire verft på Nordvestlandet

STX OSV har i alt fire verft på Nordvestlandet.

Dei ligg i Tomrefjord, i Aukra, i Brattvåg og på Søvikneset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Programleiar Bibbi Kjølås i studio 2021

Se distriktsnyheter med Bibbi Kjølås