Hopp til innhold

Fem menn har søkt på politimeisterstillinga

Politimeister Ingar Bøen og sjef for retts- og påtaleeininga Ove Brudevoll er blant søkarane.

Ingar Bøen og Ove Brudevoll

Berre menn har søkt på politimeisterstillinga i Møre og Romsdal. Politimeister Ingar Bøen og sjef for retts- og påtaleeininga Ove Brudevoll er to av søkarane.

Foto: Ivar Lid Riise/Roar Halten / NRK

Den foreløpige søkarlista for politimeisterstillinga i nye samanslåtte politidistriktet i Møre og Romsdal er:

  • Rune Skjold (41), avsnittssjef.
  • Ingar Olav Bøen (56), politimeister i Sunnmøre politidistrikt.
  • Ove Brudevoll (50), sjef for retts- og påtaleeininga.
  • Ole Ingar Ødegård (46), kommuneadvokat i Kristiansund.
  • Ein mann er skjult for offentlegheit.
  • Ein kandidat som har trekt søknaden sin.

Utsett frist

Fristen for å søke på politimeisterstillingar er utsett til 30. september, og listene vil bli oppdatert etter dette.

– Fristen er utsett for å sikre at vi får gjennomført grundige prosesser i alle de ti distrikta. Vi har så langt fått inn søknader frå mange gode kandidatar, og håper å ha eit godt samansett rekrutteringsgrunnlag på plass før vi går vidare i neste fase av prosessen, skriv Politidirektoratet på sine nettsider.

Uklart kvar politimeisteren skal sitte

Politiet i Kristiansund skal behalde politiansvaret for kontinentalsokkelen utanfor Midt-Noreg.

Kvar politimeisteren skal plasserast i Møre og Romsdal er ikkje bestemt. Dette blir avgjort av politidirektoratet.

Kjell Neergaard (Ap), har tidlegare uttalt at han meiner det er helt naturleg at hovudsetet for politimeisteren for Møre og Romsdal politidistrikt blir i Kristiansund.

Sunnmøre regionråd, som er eit felles organ for dei 19 sunnmørskommunane, er derimot ikkje einig i at Kristiansund bør ha politimeisteren.

Dei meiner at dei politifaglege argumenta klart peiker på at Ålesund bør vere hovudsete for politimeisteren og hans stab.