Fem medaljar til Dimna IL i NM

Dimna IL sikra fem medaljar under NM i Bærum i helga. Laurdag sikra Johanne Rise Kvalen delt andreplass i høgde utan tilløp, Ådne Andersen tok bronse i 1500 meter, medan Karsten Warholm sikra ny norsk rekord og tok gullmedaljen i 400 meter. Søndag tok Fride Møller Flatin bronse i 3000 meter kappgang. NM vart avslutta med nok ein bronse til Dimna IL sitt kvinnelag i stafett (4x200meter).