Fem førarkort i Innfjorden

Utrykningspolitiet tok beslag i fem førarkort i ein fartskontroll i Innfjorden i Rauma seint søndag kveld. Kontrollen var i 80-sona på europavegen, og høgaste fart var 137 kilometer i timen. 23 bilførarar fekk forenkla førelegg, og ein blir meldt for manglande sikring av last.