Hopp til innhold

Ber folk om å ikkje skyte opp eige fyrverkeri

Fakkeltoget og fellesfyrverkeriet i Kristiansund blir avlyst nyttårsaftan. Politiet på Sunnmøre ber folk om å la vere å skyte opp fyrverkeri dersom vêret blir så ille som meldt.

Nyttårsraketter over Oslo Havn og Aker Brygge

Fakkeltoget og fellesfyrverkeriet i Kristiansund blir avlyst nyttårsaftan.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Fakkeltoget og fellesfyrverkeriet på Varden i Kristiansund i morgon ettermiddag blir avlyst på grunn av vêret. Det skriv Kristiansund kommune i ei pressemelding. Meteorologisk institutt melder liten storm på Kirkelandet i det aktuelle tidsrommet.

Dette er den andre gongen i løpet av 16 år at arrangementet blir avlyst som følgje av dårleg vêr. Pengane som er gitt til årets fellesfyrverkeri blir sett på ein eigen konto og blir overført til Nyttårsaftan i 2017, skriv kommunen.

– Ver forsiktig

Politi og brannvesenet på Sunnmøre oppfordrar folk til å vere varsam med oppskyting av fyrverkeri på nyttårsaftan.

– Vi får kraftig vind inn over Sunnmøre ved inngangen til det nye året, dersom prognosane slår inn. Det kan skape mange farlege situasjonar ved bruk av fyrverkeri, åtvarar stabssjef John Kåre Flo for Sunnmøre i Møre og Romsdal politidistrikt.

Han ber folk om å la vere å skyte opp eige fyrverkeri dersom vêrforholda blir så ille som prognosane viser.

– Då er det betre å nyte profesjonell oppskyting av fyrverkeri, seier Flo.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold