NRK Meny
Fyrverkeri kristiansund
Foto: Tøsse, Anders / NTB scanpix

Felles fyrverkeri i Møre og Romsdal

Oppsummert

Fleire stadar i fylket har valt å ringe inn det nye året med felles fyrverkeri.

  • Felles fyrverkeri for 10 året i rad

    For 10 året på rad arrangerer Kristiansund- og Nordmøre næringsforum (KNN) i samarbeid med Tingvollvågen velforeining og Tingvoll kommune felles fyrverkeri like ved Tingvoll fjordhotell på Tingvoll nyttårsaftan. – Arrangementet startar kl. 18.00 med bålbrenning, gløgg og utdeling av stjerneskot til borna. Sjølve fyrverkerishowet startar 19.00, seier Per Magne Waagen i KNN. Både Sparebankstiftelsen i Tingvoll, andre lokale bankar og næringsliv, samt privatpersonar har spleisa for å gjere showet mogleg.

  • Første år med felles fyrverkeri

    Hareid får også felles fyrverkeri for første gong i år. Det er Hareid kommune i samarbeid med Hareid næringsforum og Hareid idrettslag som står bak. Oppskytinga skjer frå den indre moloen på Hareid kl. 22.00. – Det vil bli som ei slags sluttmarkering for at Hareid kommune er 100 år i år, seier ordførar Anders Riise. Han seier at det framleis er mogleg å «vippse» pengar til spleiselaget og håper å få inn om lag 60 000 kroner til saman.

    Anders Riise
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Fyrverkeri til 100 000 i Ulsteinvik

    I Ulsteinvik har dei felles fyrverkeri for andre året på rad. Der vil oppskytinga skje frå moloen på Saunes kl. 00.00. – Vi har fått inn rundt 100 000 kroner, det er heilt fantastisk! Vi er så heldige å bu i oppoverbakke i Ulsteinvik, så alle vil kunne sjå fyrverkeriet, seier Line Urke i Ulstein næringslag, som er arrangør for den felles oppskytinga.

  • Fyrverkeri ved hurtigbåtkaia

    I Giske blir oppskytinga av felles fyrverkeri frå piren ved hurtigbåtkaia på Valderøya kl. 19.00. Området vil bli heilt avstengt for bilar frå kl. 18.00. Publikum må finne alternative parkeringsplassar, seier Trine Klementsen i Bypatrioten. I Giske har dei 40 000 kroner til rådigheit, så det skal bli flotte fyrverkeri, seier Klementsen.

    Piren på Valderøya
    Foto: Bypatrioten