Hopp til innhold

Felix var rundetellar for Cecilia

Då Cecilia Brækhus boksa laurdag kveld, var brytar Felix Baldauf frå Kristiansund ringgut.

Brækhus

Brytaren Felix Baldauf skulle telje rundar i kveldens boksekamp, men det vart ein enkel jobb.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Laurdag kveld boksa Cecilia Brækhus sin første kamp i Noreg framfor eit fullsett Spektrum. Den som skal heldt det norske flagget under nasjonalsongen var brytaren Felix Baldauf frå Kristiansund. Han skulle også halde styr på rundane til Cecilia.

– Det er kjempeartig. Eg hadde ikkje kjøpt billett til kampen, men leikte meg med tanken om at det var mogleg å få vere der. Då eg såg at Cecilia etterlyste ein ringgut i sosiale medium, melde eg meg, sa Baldauf før kampen.

Det vart ikkje vanskeleg å halde styr på rundene, for Brækhus vann etter berre to rundar mot franske Anne-Sophie Mathis.

LES OGSÅ:

Litt nervøs

Sjølv om Baldauf er brytar, har han alltid vore glad i boksing. Mora hans boksa på høgt nivå i Tyskland og Baldauf er oppvaksen med mykje boksing på tv. Han har også vore rundt om på mange boksestevne saman med mora.

Laurdag var han litt nervøs for oppgåvene sine. Han er stor fan av Cecilia og har følgt henne i alle år på tv.

– Det er heilt vilt at eg er backstage no, sa Baldauf før kampen starta.

brækhus

Cecilia Brækhus møtte franske Anne-Sophie Mathis.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Stor motstand

Brækhus har kjempa lenge for å kunne bokse i Noreg, men motstanden har vore stor, spesielt frå Norges Idrettsforbund, som har nekta proffboksing på norsk jord.

Ringguten frå Kristiansund tippa på siger til Brækhus i kveld.

– Eg har trua. Ho er godt trent. Det å gå på heimebane gir henne ein boost. Det blir nok kriging. Eg gler meg skikkeleg, sa Baldauf.