Hopp til innhold

Fekk to niser i garnet

Ottar Ekremsæter fekk ein smule ekstraarbeid då han skulle dra garna i Vanylvsfjorden nyleg. To niser, kvar på 60–70 kilo, hadde filtra seg inn i garna.

To niser i garnet

Før har Ottar Ekremsæter fått spekkhoggar i garnet, denne gongen var det ikkje mindre enn to niser.

Foto: Marius Ekremsæter

Ekremsæter er ivrig hobbyfiskar, og er ofte ute og drar garn. Men to døde niser i same garnet har han ikkje vore ute for før.

To niser i garnet

Det blei litt ekstraarbeid med nisene som hadde vikla seg inn i garnet.

Foto: Marius Ekremsæter

– Det blei ein del bal, ikkje minst fordi dei låg i same garnet. Då måtte heile greia om bord i båten på ein gong. Måtte skjere og øydelegge litt garn, også.

Ekremsæter fortel at det er mykje sild i fjorden no, og det er truleg årsaka til at der også er ein del nise.

Men sjølv om desse to nisene gav han litt ekstraarbeid er han glad til at det ikkje var spekkhoggar, som han fekk i garnet i fjor på denne tida.

Ørna over Vanylvsfjorden

Ørna over Vanylvsfjorden forsynte seg av spekket.

Foto: Marius Ekremsæter

No fekk han og eine sonen, Marius, dei to nisene greitt om bord i båten. Så var det å skjere vekk spekket og ta vare på kjøtet.

Kjøtet tok dei til land, for ifølge Ottar Eikremsæter er det godt hundefôr.

– Men spekket er berre å hive over bord, for det tar havørna seg av. Den er over oss mest kvar dag, og er ikkje sein med å forsyne seg om vi kastar ein godbit i sjøen.