Hopp til innhold

Fekk tidobbel dose smertestillande under fødsel – både mor og barn i livsfare

Den fødande kvinna skulle hatt 5 mikrogram smertestillande, men fekk 50 i staden. Rett før den avgjerande fasen i fødselen, slutta ho å puste.

Mor og barn

Det gjekk bra med både mor og barn, trass i ein dramatisk fødsel. Ho er glad for at det er innført nye rutinar på sjukehuset i ettertid.

Foto: privat

Det blei ein dramatisk fødsel ved Molde sjukehus i fjor haust. Ved ein feil fekk den fødande kvinna tidobbel dose med smertestillande. Det førte til at ho slutta å puste midt i fødselen og at hjarteslaga hos babyen blei unormalt få.

Då dei tilsette oppdaga feilen, blei det slått full alarm og babyen måtte hentast ut ved hjelp av eit såkalla katastrofe-keisarsnitt.

Sambuaren til kvinna sat makteslaus ved sida av henne.

– Det var eit brutalt snev av panikk. Då dei sa at dei ikkje fekk heilt liv i henne, var eg litt usikker på korleis eg skulle klare meg åleine med to barn, dersom det gjekk gale, seier han.

Tobarnsfaren seier at han etter nokre minutt fekk vite at det gjekk bra med babyen, men at store blødingar førte til kritiske komplikasjonar for sambuaren hans.

NRK kjenner identiteten til familien. Dei ønskjer ikkje å stå fram med namn.

Heim frå sjukehuset med to jenter

Far på veg heim frå sjukehuset med begge jentene sine og mor, etter ein tøff start på livet for minstemann.

Foto: privat

– Fekk uforsvarleg hjelp

Statsforvaltaren har granska saka og konkluderer med at kvinna som fekk alt for mykje smertestillande, fekk klart uforsvarleg hjelp under fødselen. Statsforvaltaren meiner likevel ikkje det er grunn til å forfølgje saka fordi helseføretaket har innført nye rutinar.

Under granskinga blei det klart at dei tilsette hadde forveksla ampullar med ulik styrkegrad, og at verken dei to jordmødrene eller anestesilegen oppdaga feilen. I konklusjonen understrekar Statsforvaltaren at helseføretaket har stort ansvar for å oppbevare legemiddel på ein forsvarleg måte:

«Det bør beskrives i skriftlige prosedyrer, og bør som et minimum etterfølges ved at legemidlene oppbevares i oversiktlige hyller slik at forveksling hindres».

Sufentanil

Det var dette sterke smertestillande medikamentet kvinna fekk alt for mykje av. Allereie dagen etter blei det fjerna frå hyllene på fødeavdelinga. Bildet er henta frå rapporten som leiinga ved sjukehuset sende til Statsforvaltaren.

Foto: Helse Møre og Romsdal

To babyar døydde

Hendinga skjedde kort tid etter at to familiar mista babyane sine ved den same fødeavdelinga, ein i Molde og ein i Kristiansund. Fylkeslegen i Trøndelag slo fast at dei fødande ikkje fekk forsvarleg helsehjelp, og at dette kan ha hatt samanheng med høg arbeidsbelastning hos dei tilsette.

Helse Møre og Romsdal seier at det ikkje er nokon samanheng mellom sakene, og heilt tilfeldig at medikamentfeilen skjedde under ein fødsel.

– Dette har ingenting med fødeavdelinga som såleis å gjere. Dette er ei smertelindring i samband med ein fødsel der ein anestesilege beklaglegvis gjer ei feilmedisinering, og kan overhovud ikkje setjast i samanheng med dei tidlegare sakene, seier klinikk Georg Johnsen.

– Trur du dette vil skade tilliten hos dei fødande?

– Når ein set fokus på denne saka, vil nokre kunne trekkje den slutninga, men dette har absolutt ingen samanheng og vi har eit trygt fødetilbod i Møre og Romsdal og i Nordmøre og Romsdal, seier han.

Anestestilegen ønskjer ikkje å kommentere saka.

Klinikksjef for sjukehusa i Molde og Kristiansund, Georg Johnsen

Klinikksjef Georg Johnsen i Helse Møre og Romsdal strekar under at fødetilbodet på Nordmøre og i Romsdal er trygt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Nye rutinar i heile helseføretaket

Legane klarte å stoppe blødinga til den nybakte tobarnsmora, og både ho og babyen overlevde. Den vesle jenta har blitt fire månader og er frisk og rask. Kvinna seier heile familien har vakse på opplevinga. Småbarnsforeldra skjønar at feil kan skje, og har sterk medkjensle med anestesilegen som gjorde feil.

Dei fokuserer på at helseføretaket har lært og den gode oppfølginga familien fekk etter fødselen.

– Fødande vil aldri kunne oppleve det som eg har opplevd, det synest eg er veldig godt, seier ho.

Molde sjukehus

Familien skjønar at feil kan skje også i helsevesenet, og seier dei har fått svært god oppfølging frå dei tilsette ved Molde sjukehus i etterkant.

Foto: Tore Ellingseter / NRK