Hopp til innhold

Sel mummikopp til 1.350 kroner – fekk stygge kommentarar

Då Tone Opstad skulle selje den ettertrakta koppen fekk ho krass kritikk frå folk som meinte prisen var altfor høg. Ho sletta til slutt annonsen.

Mummikopp som ble gitt ut 9. august

«MOOMIN'S DAY 2021»: Den blå og rosa koppen har motivet «den første vårdagen», og er frå Tove Janssons bok «Trollvinter» frå 1957. Koppen vart utseld på to minutt då han vart lagt ut på nett 9. august.

Foto: Tone Opstad

«Det er flautt mykje»

«Skammeleg»

«Sunnmøringar🤣 Selv så har eg noko sand frå Maldivane, kan selje 0.5L for 12000,- då flybilletten, avgifter og reiseforsikringa kosta ganske mykje.»

Tone Opstad opplevde negative kommentarar då ho la ut mummikoppen «Moomin's Day 2021» til sal for 1350 kroner på ei salsgruppe i Ålesund.

Koppen fekk ho sjølv for 350 kroner i Sverige.

– Det har vorte skrive mykje stygt. Nokon skriv at det er billeg, for dei som samlar på dei veit at det ikkje er ein ille pris. Men folk som ikkje har greie på det reagerer veldig på at det blir lagt ut til den prisen, seier ho.

Tone Opstad og mummikopper

SAMLING: Tone Opstad frå Misund i Molde kommune har 77 mummikoppar. Her står ho med den nyaste «Moomin's Day 2021», som ho kjøpte 12 av. Tre av dei sel ho for 1350 kroner per kopp.

Foto: Privat

Kjøpte 12 mummikopper

Den 9. august var «Mummidagen» og bursdagen til forfattar Tove Jansson. I det høvet lanserte mummi-universet ein eigen kopp.

Koppane vart utselt på to minutt, ifølgje den svenske avisa Aftonbladet. Den var òg berre mogleg å kjøpe i butikkar i Sverige og Finland.

– Vi visste at ho var umogleg å få tak i på nettet, for vi har prøvd før, i 2018, seier Opstad. Då laga dei noko liknande.

Opstad er ein ivrig mummikoppsamlar. Ho og mannen var på ferie i Sverige, og valde derfor å bu ei ekstra veke på campingen i Strømstad for å kunne sikre seg ein slik kopp.

Den 9. august stod ho og mannen i kø på Nordby Shoppingcenter. Saman kjøpte dei seks kvar, og fekk totalt 12 koppar for 350 kroner per.

Tone Opstad sitt innlegg på Facebook

INNLEGGET: Dette innlegget la Tone Opstad ut på Facebookgruppa «Ålesund marknadsplass for private».

Foto: Skjermbilde fra Facebook

Sletta Facebook-innlegg etter kommentarar

Eit av krusa gav ho til ei venninne. Nokon bytte ho mot andre mummikoppar.

Og tre av dei sel ho for 1.350 kroner, slik at ho kan tene på det og kjøpe dyre, gamle og utgått krus på salssider.

På innlegget var det òg fleire som hadde forståing for at ho la ut mummikoppen til denne prisen.

Negative kommentarer på innlegget til Tone Opstad

REAKSJONAR: Nokon reagerte på prisen, andre hadde forståing for at koppen er eit samlarobjekt.

Foto: Skjermbilde fra Facebook

Men ho orka ikkje å la det stå på grunn av dei negative kommentarane, og sletta derfor Facebook-innlegget.

– Det vart for mykje, seier ho.

Mummigrupper på Facebook med fleire tusen følgjarar sel òg den nye koppen for ein pris på mellom 1000 og 2000 kroner.

Meir eksklusivt når ting er sjeldan

Professor i marknadsføring ved BI, Lars Erling Olsen, forstår kvifor Opstad og andre vel å selje desse mummikoppene for ein høgare pris.

– Det skjer ofte når det er «limited editions», seier han, og samanliknar dette med då det var mange som ikkje fekk tak i PlayStation 5.

Han seier at viss ting er sjeldan, er det meir eksklusivt, og når ein lagar noko som er i eit avgrensa opplag er 350 kroner berre ein konstruert pris.

– Men den reelle prisen er jo marknadsinteressa for dei koppane. Og viss det er mykje større etterspurnad enn det er tilbod, då vil prisen gå opp.

Samlingen til Tone Opstad

MUMMIKOPPER: – Dei er jo fine. Mummi er jo koseleg, og det har vorte ein samlegreie. Kvar gong det kjem ein kopp er eg spent på korleis dei ser ut, seier Tone Opstad.

Foto: Tone Opstad

Olsen forstår òg kvifor fleire kan reagere, sidan det kan vere med på å «øydeleggje» hobbyen.

– Dette er heilt vanlege økonomiske lover. Eg synest ikkje det er rart at det skjer, men eg kan godt forstå reaksjonane viss du ikkje tenkjer økonomisk over det, men meir moralsk over det, seier han.

På grunn av kommentarane vil Opstad berre selje noko sånt på Finn.no no framover.

– På Finn får du berre bod. Då kjøper dei til den prisen som er. Dei som samlar veit at dette ikkje er ein dårleg pris, men ein ok pris, seier ho.

Ho håpar at neste gong folk ser noko sånt, kan dei scrolle vidare og la vere å kommentere før dei har sett seg inn i kva det betyr å samle på noko.

Tone Opstad med kopp

FORNØGD: Tone Opstad var fornøgd med å få tak i koppane i Sverige, men vil ikkje selje på slike Facebookgrupper. – Viss du får tak i samleobjekt, det er ikkje berre mummikopper, det gjeld mange ting. Då veit ein at når det er tomt, så stig prisen, seier Opstad.

Foto: Privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL